Så mange spørsmål
Denne veka var helseministeren på besøk i Kristiansund. Etter besøket sit eg att med sikkert hundre spørsmål. Og eitt mulig svar.
Mellom dei som fekk treffe helseministeren var ordførarane i Romsdal og Nordmøre.
Blant desse kunne Gjemnes-ordførar Sjømæling melde følgjande:
Kva “meir”?
Etterlatt inntrykk frå møta i Kristiansund: Det er meir. Og dette “meir” er noko ordførar Sjømæling skulle ønske også vi borgarane fekk innsyn i.
Han får følgje av Rauma-ordførar Yvonne Wold, som rett nok også påpeiker at dette ikkje er kommunisert godt nok ut.
Kva er det Sjømæling og dei andre ordførarane NO veit - etter møtet? Det kan umogleg handle om det mest sensitive i denne saka:
Det handla om éin person.
For samme dag, før møtet, slapp den aller mest sensitive informasjonen knytt til rekrutteringsarbeidet ut via Tidens Krav.
Éin fagperson vart råka av alvorleg sjukdom, og dette velta etter det vi forstår heile lasset. (Hjarteleg god bedring til vedkommande!).
Same dag gikk senior fagpersonell ut og fortalde at dei ikkje vert kontakta for å avhjelpe denne og andre høgst uventa ad hoc-situasjonar.
Ministeren samla (nesten..) alle til møte
I tillegg til ordførarane, møtte helseministeren tidlegare på dagen toppleiinga i dei to helseføretaka, samt klinikk- og seksjonsleiinga i SNR og dei tillitsvalde.
Vi veit i grove trekk kva som vart diskutert. Men langt i frå alt.
Vart det stilt spørsmål om vikarbruk både lokalt og sentralt i føretaka? Vikarbehov fordelt på spesialitetar? Bruk av senior-ressursar?
..og vidare:
Kva vil det seie å vere tilsett i ein klinikk (altså sjukehus), der avdelinga og dekningsområdet er felles?
Er ein lege tilsett og låst geografisk, eller på avdelinga hvis spesialitet vedkomande tilhøyrer? Vart interne omdisponeringar og arbeidsgivars styringsrett diskutert?
Var byggteknisk tilstand, storleik og eventuelle vedlikehaldsbehov på agendaen? Slike ting. Lista over spørsmål er ikkje uttømmande.
Ein tøff marknad
Alle ser at føretaka har ein tøff jobb i ein “marknad” med stor konkurranse. Det er difor ikkje berre å lyse ut, hevdar den avgåtte ass.klinikksjefen.
Det som rekrutterer best, om vi skal tru klinikkleiinga, er “word of mouth”; personleg kontakt og direkte påverknad. Og, vil eg tru, ei over snittet god løn.
Det er altså ikkje noko særleg poeng i å gjere det, men pr. no er det utlyst mange ledige stillingar i foretaket, nokre også på legane sin eigen jobbportal hos legeforeninga.
Ålesund. Men ikkje Kristiansund.
Det vert mellom anna lyst etter LIS-legar og ferdig utdanna spesialistar innan både onkologi, psykiatri, gynekologi (Ålesund), og habilitering.
Sjølv om det isolert sett kan verke banalt å henge seg opp i metodar, så seier strategiske og operative val knytt til rekrutteringa ganske mykje.
Har vi ikkje i årevis høyrt om krise i kreftomsorga? Er potensielle kreftlegar meir tilbøyelege til å bruke jobbportalar på nett?
Løysinga ligg i dagen
Med rekrutteringsproblem, og eit “saneringsklart” Lundavang, kvifor ikkje samle føde-/gyntilbodet i Kristiansund? Støttefunksjonar let seg vel løyse?
Eit tydeleg signal frå sjukehuseigaren: Vilje til å satse på Nordmøre. På kjøpet hadde lokal leiing fått arbeidsro til å jobbe med innhaldet i nye SNR-KSU.
Helseføretaket vil framstå som ein dedikert arbeidsgjevar: gode arbeidsvilkår på ein romsleg fødelokalitet - med felles trening og kulturbygging på kjøpet.
Kampen vil halde fram
I Kristiansund og på Nordmøre vil dei bukke og takke for eit framlegg om å samle fødeavdelinga midlertidig i Kristiansund.
Så vil det sjølvsagt framleis vere krefter som uansett vil jobbe vidare for eit fullverdig akuttsjukehus - også i tida etter opninga av SNR Hjelset.
Å tru noko anna vil vere naivt, og så naive er dei ikkje korkje i HMN, HMR eller i departementet. Eller i ordførar-kollegiet for den del.
Ikkje populært i Molde
Dei tilsette i Molde vil på si side sjølvsagt protestere. Men dei er nok samde i at gode fysiske arbeidsforhold, felles trening og kulturbygging kan vere lurt.
Kanskje vil pendlarane frå Molde finne det interessant dersom det kjem opp nye tankar med omsyn til turnus-ordningar og lønn? Money talks.
Uansett: det ser ut til at sjukehusdirektørar og politikarar på begge sider av av både langfjella og Fursethfjellet vel å sjå framover.
Systemet er eit monster. Alt er (real)politikk.
Denne saka er kort sagt eit oppkok av ulike syn og motstridande interesser. I den nasjonale sjukehusplanen er saka klar: det må sentraliserast.
Hurdal-plattforma er snart passé. Framover kjem tre heftig innstramma statsbudsjett, to lange valkampar, sluttrekninga for SNR, og ny sjukehusplan.
Regjeringa kunne lett skaffa seg arbeidsro på Nordmøre. I staden vel ein å kutte den gordiske knuten fødeavdeling på Kristiansund sykehus allereie no.