Som venta har fleire allereie spådd undergangen for handelsnæringa i og kring Storgata. Butikkdød!
Det tok ikkje lang tid før MDG-utspelet vekte det gamle dogmet "no parking, no business» til liv i ulike Facebook-trådar.
Butikkdød? Fordi det vert lagt opp til gå (og sykkel-)gate? Eg er ikkje så sikker på det.
Men debatten må løftast langt utover berre spørsmålet om gågate versus tilgang og parkering.
Lat oss sjå på dette med parkeringsplassar og handel:
Både norske og internasjonale forskingsfunn [1] kan tyde på at der det vert lagt opp til gågater og anna forbetring av gåmiljø og byrom, kan handelsnæringa faktisk oppnå vekst.
Det er ulike kvalitetar som trekk kundar til eit bysentrum, og nettopp denne miksen avgjer i kva grad aktørane samla sett opplever gode nok vilkår for drifta si.
Der det oppstår (såkalt) "butikkdød" (det skjer jo stadig vekk), bør ein difor rette søkelyset mot andre faktorar enn (berre) parkeringsplassar og tilgang med bil.
Særleg varehandelen har andre og større fiendar enn fråvær av privatbilisme.
Prof. Tor Andreassen på NHH foreslår å betre innovasjonsgraden i varehandelen [2] (som han meiner er forsømt politisk når det kjem til omstillingstiltak).
Virke, handelsnæringene sin eigen organisasjon, har også tidlegare langt på veg frikjent [3] parkeringsplasser som den store stygge ulven. Sjå til dømes kva handelsnæringa i MDG-styrte Oslo seier [4].
Eg trur NHH-professoren har mykje rett.
Aktivitet avlar aktivitet, og det er ikke berre varehandelen som skal ta ansvar her. Det må også stat, fylke og kommune.
Dei er jo på ballen, dei er jo det. Men å leve som ein predikerer, det er ikkje alltid så lett, sei.
Og i Molde ser eg nokre urovekkande teikn.
Vi opplever no politiske vedtak som i praksis vil auke, ikkje minske, aktivitet og sirkulasjon av folk UTANFOR dei sonene politikarane sjølv dreg opp som område der ein bør klumpe saman folk.
Rett aktivitet på rett stad?
Den såkalla A-sona [5] i kommuneplanen har meir eller mindre enda opp som ein innhaldslaus floskel, i form av eit kart og nokre velmeinande avsnitt..
Soneinndelinga blir dermed utfordra av dei som har laga den - kommunen sjølv.
Eit døme:
Draumen om ein Kardemommeby på Lundavang - eit femminuttar-samfunn inni femtenminuttarsamfunnet Molde.
Det er foreslått blanda aktivitetar, med ei sentral strøksgate der «aktive førsteetasjar» (=næring) skal trekke til seg folk. Lundavang er foreslått som ein “destinasjon”.
Mange vil nok hevde at på Lundavang må det først og fremst bu folk. Helsehus er eit spennande forslag eg har likt fram til no.
Men eg er sakte i ferd med å endra syn. Delvis fordi dette vert eit løft kommunen umulig kan klare.
Men også fordi helsehuset heilt fint kan ligge tettare på Storgata. Legg lok på rutebilstasjonen! Eller noko slikt.
Dette ordnar innovativt orienterte gårdeigarar i tett samarbeid med kommunen. Har ein sagt A (til Sjøfronten), bør ein også seie B (til allokering av eiga verksemd til same området).
Og på den måten ta ansvar for konsekvensane av sine eigne vedtak.
Det som uansett løysing er heilt sikkert: Aktivitet avlar aktivitet.
Eit anna døme:
På både fylkes- og kommuneplan klarte dei å klure til ein knakande god idé fra gode krefter i næringslivet. Om nettopp det å stue saman folk.
Stue saman, som i å samle arbeidsplassar, altså aktivitet, altså auka potensiell omsetning i handels- og servicenæringane, altså eit meir levande sentrum som i sum minimerer risikoen for gråpapir i vindauga.
Fylket, med kommunen på lasset, ville heller samle eit bærekraft-miljø i eit nytt bygg på Reknes (i B-sona), og slo dermed lufta ut av planane i A-sona. Men om det er så sprengt i betongblokka på Reknes, kva med å flytte nærare inn i sentrum sjølv?
Det er ikke berre tilreisande i bil som er potensielle kundar av «førsteetasjane» i sentrum (eller på Lundavang!).
Her er off.aktørar i Molde-regionen etter mi meining på ville vegar med både Reknes og Lundavang. Det er behov for å ta kraftig tak i både ambisjonar og vedtatte planar.
Ei utgreiing av ei bilfri hovudgate kan vere ein god start.
___________________
[1] Sjå til dømes denne, denne og denne.
[3] Politikere bryr seg ikke om butikkdød
[2] Butikkhandelen er ikke skadet
[4] Frikjenner bilfri politikk for sentrumsdød
[5] Belsutningsprosesser i by- og transportutvikling
__