Take it or leave it
MOLDE: Arthur Buchardt vil bygge 75 meter høgt trehotell på kommunal (‘isj) tomt på Sjøfronten.
Buchardt, opprinneleg frå mjøstraktene, er ingen kven som helst. [1]
Og denne type spektakulære prosjekt har han presentert før. Denne veka var det planpolitikarane i Molde sin tur. [2]
Det har jo vore friarar på ferde i Molde før. Og det har slett ikkje vore beint fram å overtyde korkje administrasjon eller politikarar. [3]
Kan Arthur Buchardt likevel få opp sitt trehus - og det på rekordtid?
Denne friaren lokkar med eit spektakulært prosjekt som for alvor vil sette Molde på kartet. Og samtidig gi kling i (pensjons)kassa.
Solid CV
Buchardt & sønn har i fleire år reist rundt og informert næringsliv og politikarar om byggekonsepta sine.
I Molde viste powerpointen ei solid portefølje av ferdige og planlagde byggeprosjekt, som til dømes det no verdskjende Mjøstårnet. [4]
Alle vert presentert som særs nyskapande, og Wood Hotel Molde vert ikkje noko mindre imponerande i så måte. Spesielt ikkje når det gjeld klimaavtrykk.
75 meter høghus på “kommunal” grunn
Gotfred Lies plass 4, Gnr. 22 Bnr. 1222, er eigd av Molde kommunale pensjonskasse. Tomta vart kjøpt i 2019/2020 for 56 millionar kroner.
Ikkje heilt beint fram - her heller
No kan, om eigarane (dei tilsette i Molde kommune) vil, delar av tomta seljast til Buchardt sitt hotellprosjekt.
Men det er minst éi hake med dette: hotellet har ei høgd nær firegangen av gjeldande maksimal gesimshøgde.
Og då har vi løfta problemstillinga langt over The Neverending Story om stygt vs. pent. Til skala, typologi og historie. Det handlar om stadtilpassing.
Men han spør jo berre..
Krav om eit visst tal hotellrom i kombinasjon med ei lita tomt set premisset for dei utvendige måla - ikkje minst i høgda.
Men dersom politikarane signaliserer stor motstand vil utbyggaren legge vekk planane.
Det er heilt fair, understreka han. Buchardt testar med dette den politiske risikoen i Molde.
Det etterlatte inntrykket er krystallklart:
Vil vi ha eit spekatulært prosjekt til 500 millionar og 100 arbeidsplassar eller ikkje?
For mange i Molde handlar dette spørsmålet om utvikling eller stillstand .
Men er ein mot utvikling berre fordi ein er skeptisk til eit 75 meter høgt trehus midt i NB!-sona i Molde sentrum?
Denne stråmannen har vi høyrt før. Og han må snarast gravleggast - ein gong for alle.
Få spørsmål
Frå opposisjonen drog Bjørn Jacobsen (SV) som vanleg ei passande anektote før han etter kvart kom til poenget:
Både hotellet si utforming og samspelet med resten av byen reiser ein del spørsmål som må kvitterast ut.
Anders Torvik frå Arbeidarpartiet var opptatt av branntryggleik i høge trehus. Buchardt parerte: null problem - faktisk betre enn dei stålbaserte.
Venstre sin Frank Stenløs var også positiv, og ser ut til å ønske dette hotellet velkommen.
Ellers var det ingen, bortsett frå Dahl då, som ytra seg.
Yay or nay?
Buchard spurte politikarane rett ut:
- Om de hadde vore i mine sko, ville de ha brukt tid og pengar på å fortsette med prosjektet?
-Ja, eg ville det, repliserte Dahl lynkjapt.
Og litt seinare:
- Er vi einige då?
Forsiktig nikking.
Du kan halde fram med di interne planlegging, og kome tilbake til oss slik at vi kan ta stilling til vidare formelle grep.
Det blir slik
Det betyr at utbyggaren no kan ta risikoen det er å bruke tid og ein god del pengar på å setje krefter i sving for å lage underlaget til eit Planinitiativ.
Så mykje annleis sjåande ut enn det Buchardt presenterte for politikarane blir ikkje dette når han kjem tilbake.
Storleik og høgde er fast, med sine minimum 16 etasjar. Men bygget kan ein truleg vri og speglvende på tomta.
Har dei gitt lillefingeren no?
Nei, politikarane har ikkje sagt ja til dette.
Heller ikkje Torgeir Dahl. Utvalsleiaren framstår triggerhappy, men understreka at formelle prosessar skal følgast. Særleg i eit NB!-område.
Men dei har gitt Buchardt eit signal. Det vesle kollektive nikket han treng.
Ting tar tid
Eit anna, ikkje vedtatt, høgt trehus i sentrum er i ferd med å slite ut sitt tredje kommunestyre.
Der har du politisk risiko (-taking). Og vi hugsar reguleringar av Grandfjæra Øst, Retiro og sikkert fleire.
Buchard sine anslag på 12-14 månader + byggetid = opning til Moldejazz 2026 er difor eit best case scenario utan snev av realisme.
Men det er håp
For både Molde og Buchardt, sei.
Trehotellet er tøft nok det. Dette handlar ikkje om enkelte av oss likar eller ikkje likar utforminga. Men skal det ligge der?
Kommunen har nettopp fått over 1 million kroner frå Fylkeskommunen for utviklingsprosjekta Arkitekturstrategi og Mulighetsstudie Grandfjæra Vest. [5]
Molde-samfunnet får no høve til å diskutere prinsipielle sider ved utviklinga i vårt bysentrum.
Denne prosessen bør få gå sin gang utan at nokre enkeltprosjekt med utolmodige forslagstillarar utanfrå får styre tempoet.
____
[1] DN: Buchardt tar ut 80 millioner i utbytte
[2] Møtet i TPNM-utvalet 28.11.23 (referat) og Opptak frå kommune-TV
[3] RBnett: Vil skrote trehuset
[4] Arch Daily: The Tower of lake Mjøsa
[5] 1 mill til Arkitekturstrategi og Mulighetsstudie Grandfjæra